REKRUTT, A- , B- PARTI OG MASTER
Treninga er organisert i fire nivå - først og fremst etter kor flink ein er til å symje, men òg av omsyn til alder. I tillegg har vi ulike nivå gjennom svømmeskolen og kurs som vi arrangerar. Trenar avgjer om ein symjar er moden for opprykk mellom partia, og vil då ha samtale med foreldra. Det er høve til å gjere individuelle avtalar om treningstider. Generelt skal symjar på A- og B-partia melde forfall til trenaren sin om han ikkje kan møte på avtala trening.
Rekruttar: Alle nye medlemmar startar som rekruttar. Her finn vi ungar frå 8 til 10 år. Rekruttane vidareutviklar dei grunnleggjande symjeferdigheitene og er innom alle symjeartane. Dei kan ta del i konkurransar med premiering, men utan rangering.
D-partiet: Dette er eit tilbod til dei som har gjennomført heile kursstigen (hai) eller har tilsvarande dugleik.
C-partiet: For å trene med denne gruppa skal symjaren meistre alle symjeartane inkluderst startstup og vendingar og greie å symje 400 m samanhengande med startstup og saltovendingar med butterfly-kick.
Junior B-partiet: B-partiet trener i bassenget 3 til 4 gonger i veka. Målet er å utvikle konkurransesymjarar. Symjarane er frå 10 år og oppover. På B-partiet vert symjeteknikken vidareutvikla, i tillegg til trening av kondisjon og styrke.
Junior A-partiet: A-partiet er for dei som har kome lengst. Dei trener 5-8 økter i bassenget kvar veke i tillegg til trening på land. VTI-symjing har som mål å få fram symjarar som tek del på årsklassemønstringar regionalt og nasjonalt, i UM og på NM for junior og senior.
Master: Tidlegare symjarar som ønskjer å mosjonere og halde ferdigheitene ved like kan vere med i mastergruppa. Men vi finn også dei med større ambisjonar og som bruker å delta i konkurransar som Masters- NM. Desse har trening måndag, onsdag, torsdag og fredag.