Målgruppe:
Dette kurset er for dei som IKKJE kan å symje og kjenner seg utrygge i vatn.
Målsetnad:
Her vil ein lære dei elementære ferdigheitene som skal til for å kunne symje med fokus på å kjenne seg meir fortruleg med vatn. Ein har ein svært tett oppfylgjing av instruktør. Etter endt kurs er målet at ein skal kunne flyte og skape litt fremdrift med armane og beina.
Fredag og laurdagar frå 14. oktober (sjå Tryggivann.no). Siste kursdag 6. des. Kurset går over 8 gongar.
Symjeopplæring for vaksne (crawl nybegynnar)
Kurshaldar: Pelle Thomsen, symjar for VTI-Symjegruppa gjennom fleire år, samt instruktør i symjing og stup.
Målgruppe:
Vaksne over 16 år som ikkje kan å symje, eller som kan symje litt.
Om kurset:
Kurset går over 8 veker med undervisning ein kveld per veke Torsdag 18. oktober- Torsdag 6. des kl 19-19.45
Innhald og mål:
Vi fylgjer prinsippet dykke, flyte, gli, framdrift. Gjennom ein forsiktig progresjon med ulike øvelsar der målet er at ein skal lære å symje enkel crawlteknikk.
Teknikkurs bryst
Vår dyktige symjetrenar/instruktør Adam Zanka vil vere instruktør på kurset. (engelsk). Han har vore i besittelse av fleire tjekkiske jr. reknordar, deriblant på 50 m bryst (rekorden stod i 7 år!).
Målgruppe:
Vaksne frå 16 år som kan å symje, og som ønsker å videreutvikle symjeferdigheitene sine med brystsymjingsteknikk.
Krav:
Kurseleven må være fortruleg med å være i vatn, og må minimum kunne symje nokre lengder ved kursstart.
Om kurset:
Kurset går over 8 veker med undervisning ein gong per veke frå torsdag 18. oktober- torsdag 06. des. Ein undervisningstime varer i 45 min.
Innhald og mål:
Vi arbeider etter ein progresjon der du kombinerer ulike teknikkøvelsar der målet er å betre symjeteknikken.
Delmål:
Fråspark og gli
Beinspark (med og utan plate)
Pusteteknikk
Armtak
Teknikkurs crawl
Vår dyktige symjetrenar/instruktør Adam Zanka vil vere instruktør på kurset. (engelsk).
Kursstart torsdag 18. okt. kl 19.45
Varigheit 8 gongar.
Krav:
Dette kurset er berekna for vaksne over 16 år som greier å symje nokre lengder og som ønsker å lære seg ein betre crawlteknikk
Innhald og mål:
Vi arbeider etter ein progresjon der du kombinerer ulike teknikkøvelsar der målet er å betre symjeteknikken.
Delmål:
- Fråspark og gli
- Beinspark (med og uten plate)
- Pusteteknikk
- Rotasjon
- Armtak
- Øve på stup
- Kjennskap til saltovending
Alle kursdeltakarane må vere medlem i
VTI-allianse. Dette er lovpålagd gjennom idrettsforbundet for at ein skal vere forsikra.
Pris kr 200,- pr. år. Medlemskontingenten betalar ein på bankgiro frå VTI-fotball ein gong i året. Det er dei som krev inn kontigenten på vegne av allianseidrettslaget. Giro blir tilsendt.
Bindande påmelding.
Atterhald om nok påmelde.