Vi har diverre ikkje stupekurs ft. grunna mangel på stupeanlegg.

VTI-Symjegruppa held kurs i stup etter Norges Svømmeforbund sin pedagogikk og metodikk. Her lærer ein det grunnleggjande, sats, hopp og enkle stup. 

Målgruppa er barn i alderen 7-12 år. 

Les meir her


norges-stupskole-jpg-original.jpg
sparebank1_logo_blaa_02_570px_7536.jpg

Stupekurs

norges-stupskole-jpg-original.jpg

Nytt tilbod i VTI-Symjegruppa

Vi startar opp igjen med stupekurs etter nokre års pause. Pelle og Mina har gått på instruktørkurs, og er no klar for å lære bort kunsten å stupe.
Målgruppa er barn i alderen 7-11 år. Vi gler oss max :)
Vi nyttar  Norges Stupskole (Norges Svømmeforbund) sin mal for stupopplæring.
Norges Stupskole har nokre hovedmål:

1.     Lære bort trygg og sikker stuping, samt få barn- og unge til å bli fortruleg med både vatn og akrobatikk. Tryggleiken for stupskuleelevane og instruktørene er det aller viktigaste!

Tryggleik gjeld både når det kjem til fysiske utfordringar, men også det å komme inn i eit miljø  som er fritt for fordommar og forskjellsbehandling. Elevene skal kome til et trygt og forutsigbart treningsmiljø.

2.     Få så mange barn og unge som mogeleg  til å sette pris på stupidretten. Stupidrett er ein idrett som gjev unike høve til å oppleve meistring uansett nivå. Alle kan drive med stuping, men ikkje alle kan bli flinke, og det er svært viktig å ta vare på utøvere som får mye glede av idretten, sjølv om  potensialet ikkje er så godt i utgangspunktet. Det er imidlertid då viktig å formidle at konkurranseaspektet kan definerast ut frå eigne prestasjonar og forbedringar, og ikkje hva andre barn på samme alder får til.

3.     Gje grunnlag for at alle stuparar skal kunne nå sitt eige potensial, og gje nasjonale retningslinjer for kva grunntrening innan stupsporten innebærer. Ein stupelev skal ha like høve for å lykkast  med stupsporten uavhengig av hvilken klubb han kjem frå. Alle stupara i Noreg skal kunne det grunnleggende skikkeleg!

Vi startar opp i slutten av januar 2018.
Kurset går over veker (onsdagar kl 17.15) 
Kursavgift kr 1600,- og medlemskontigent i VTI kr 250,- (pr. år)
Bindande påmelding.
Gå inn på tryggivann.no for påmelding.

For meir informasjon, sjå denne lenkja til Norges stupskole

Våre sponsorar

sparebank_1_s_re_sunnm_re.png
ke_logo_cmyk_b.jpg
logo_brukt.jpg
klubben.png

Copyright © 2007 - 2008 Volda Turn og Idrett - Symjegruppa
Kommentarar til nettstaden? Kontakt webmaster

Webdesign og CMS: Osberget AS