Bergen Swim Festival 2015 - 29.-31.mai
Denne helga inviterar symjeklubbane i Bergen til symjestemne i nye ADO arena!
Dette er eit stemne som ein må kvalifisere seg til, og er med det ikkje ope for alle.
Dei som er aktuelle for å reise har avklart dette med sine trenarar.
Invitasjonen til stemnet finn du her.
Her kan du melde deg på og her har du oversikta over dei som er påmeldt frå Volda.
Påmeldingsfrist lørdag 9.mai kl. 20!!
Jugendsvøm 2015
18. - 19. april
Dette stemnet har også enkelte distansar som inngår som KM. Desse er:
1500 fri, 100 fri, 200 bryst og 50 butterfly.
Open klasse påmeldte.
Rekruttar påmeldte.
For meir utfyllande informasjon ser du invitasjonen her.
Påmelding innan onsdag 8. april kl. 20.00.
Vårduppen på Eid 14. - 15. mars
Laurdag 14. og søndag 15.mars vert det arrangert Vårduppen på Eid i open klasse og for rekruttar.
Med den korte reiseavstanden håper vi spesielt at mange avrekruttane vil ta turen.
Om du vil vite kven andre frå Volda som er påmelde, så finn du her oversikta over open klasse og for rekruttar.
For meir utfyllande informasjon ser du invitasjonen her.
Påmelding innan tysdag 03. mars kl. 20.00.
Sparebanken Møre - Rosesvøm 7.- 8.mars
Laurdag 7. og søndag 8.mars arrangerast Rosesvøm i Molde for open klasse.
Dette stemnet har også enkelte distansar som inngår som KM. Desse er: 50m fri, 50m bryst, 100m individuell medley og 200m butterfly, som er øvelse nr. 19-26 på søndag før pausa.
Om du vil vite kven andre frå Volda som er påmelde, så finn du oversikta her.
For meir utfyllande informasjon ser du invitasjonen her.
Påmelding innan tysdag 24. februar kl. 20.00.
Taremaresvøm Brattvåg 10. og 11 Januar
Januar har ei pangopning med stemne tidleg i Brattvågen, her finn du Invitasjonen.
påmeldte Open klasse
Rekruttar påmeldte
På dette stemnet er det lagt opp til enkelte kretsmesterskaps øvelsar!
NB: Påmelding innan laurdag 3. januar klokka 20:00
Trøndersvøm 2015 16-18 Januar
Til dei som skal til Trondheim og Trøndersvøm 2015 (Dei som skal veit det allereie) så følger her påmelding.
Innbydinga (NB! Sjekk kvalifikasjonskrava til dei enkelte øvelsane. Gå på medley.no, velg ranking i toppmenyen, deretter Kvalkrav i venstre kolonne. Finn rett klubb og utøvar og sjekk om kvalkrav er oppnådd)
påmeldte
Påmeldingsfrist er Torsdag 1. Januar klokka 20:00 !!!
Treningshelg og stemne i Brattvåg 14. - 16. november
Treningshelg 14. - 16.november og stemne søndag 16. november for både open klasse og rekruttar.
I forbindelse med symjestemne i Brattvåg 16. november vert det også invitert til treningshelg 14. - 16. november.
Treningshelg fredag - søndag:
Oppstart fredag kveld 19-21, med kveldsmat etterpå.
Laurdag begynner første økt 9-11, med felles mat to gongar i mellom og siste økt fra 16-18. Til slutt vert det felles middag på skulen.
Søndag vert det ei økt før innsvømmingen på stevnet, fra 8-10. Med felles mat mens dei andre varmer opp til stemne. Tilreisande klubber må stille med vaksen som overnattar ilag med symjarane.
All overnatting og mat blir på skulen i samme bygget. Prisen er ca 500,- kroner pr symjar for heile helga.
Når det gjelder alder og ferdighet er det ikkje sett noko endeleg krav, men det er vel kanskje LÅMØ-symjarane som blir dei minste.
Påmelding til treningshelga gjer du i same skjema som påmelding til stemnet under.
Symjestemne søndagen:
Invitasjonen til symjestemnet finn du her.
Her kan du melde deg på til stemne for rekrutt, og for stemne og treningshelg for open klasse.
Her ser ser du oversikta over påmelde i open klasse og rekrutt.
Påmeldingsfrist: Søndag 09. nov. kl. 20.
Stemne på Eid i helga 1.-2. November
Reisedetaljar til Hauststemnet på Eid i helga:
Avreise frå Volda (ferjekaia) for dei som skal delta i opa klasse:
Laurdag kl 11 og søndag kl 8.
Vi har ikkje fått heatlister og dermed ikkje ei konkret tid for oppstart av rekruttstemne. Vi har sett avreisetida på laurdag til kl 12.30 for rekruttane. Kjell Frode Løvland kan hente ferjekortet med Heidi Myhre og betalar for rekruttane. Heidi Myhre tek med ferjekortet og betalar for dei andre symjarane på 11 og 8-ferja. Avreisetid for rekruttane på søndag blir avgjort på stemnet (sjekk heatliste for når rekruttstemnet startar då).
Lagleiar: Linda Blindheim Godager. Dersom det er avmeldingar eller etterpåmelingar, må dei meldast til henne på tlf 907 26051(ho er ikkje på facebook) innan laurdag kl 12. For søndag må det meldast inn før stemnestart. Amund Vilhelmsen stiller som trenar for rekruttane/B-gkjengen på laurdag, men vi har diverre ikkje lukkast å få nokon til å stille på søndag. Elles er Christian Christiansen med dei eldste.
Påmelding hauststemne Nordfjordeid 01. - 02. nov.
Helga 01. og 02.nov er det hauststemne på Nordfjordeid. Stemnet er for både open klasse og rekruttar, og med den korte reiseavstanden vonar vi mange av rekruttane også tek turen.
Der er tilbod om tacobuffet på laurdag etter stemneslutt, og husk å hake av i påmeldingsskjemaet om du ynskjer vere med på dette. For meir informasjon om stemnet sjå innbydelse.
Påmeldinga er no stengt.
For oversikt over påmelde i open klasse og rekrutt finn du her.
NB! Påmeldingsfrist er 20. okt. innan kl. 20.
Påmelding til DnB-Open i Bergen 10.-12 Oktober
Støtte til overnatting som tidlegare. påmeldte.
Påmeldingsfrist til DnB Open for Voldasymjarar er 29. sept. kl. 20.
Det er gode prisar på hotellovernatting på Grand Terminus og Augustin (sjå invitasjon).
Høststevne Molde - 19. oktober
Sparebanken Møre Svøm 2014
12.- 14 September i Ålesund
Invitasjonen finner du her
Open klasse - påmelding stengt!
Rekrutt - påmelding stengt!
Her ser ser du oversikta over påmeldte i open klasse og rekrutt.
Dette er eit nært stemne, som vi vonar at det også kjem til å delta ein del rekruttar.
Påmeldingsfrist: Tirsdag 2. september klokka 21:00
Svømmeleir på Sandane, fredag 8. - laurdag 16. august
Vi er så heldige å ha blitt invitert med på treningsleir på Sandane før skulestart.
Det vert to moglege "pakkar", ein for heile perioden og ein f.o.m. onsdag 13. august og ut perioden. Prisen for heilt opphald er kr. 3000,- og kr. 1500,- for halve.
Overnatting vert på Sogndal studentsamskipnad sine studenthyblar på Sandane. Inkludert i prisen er mat og drikke.
Det vert to økter i basseng + ei landtrening pr. dag, med Sander Smørdal som hovedtrenar. Vidare vert det lagt opp til ulike aktivitetar utanom trening/på kveldstid.
For å være med på leiren så må ein klare alle symjeartar og 3000 m i løpet av ei trening (1,5-2t). Om de er i tvil om dette er det berre å spørje trenarane våre på forhånd.
Det vil kome meir utfyllande informasjon etterkvart!
Påmeldingskjema finn du her, og desse er påmelde.
Nb: Påmeldingsfrist søndag 29. Juni kl. 20.00.
Mjøs-svøm 2014, 13. - 15- Juni
Førdesprinten 2014, 31.mai - 1. juni
Invitasjonen finner du her
Open klasse: Påmeldte
Rekruttar: Påmeldte
Det er satt av x antal rom på Sunnfjord hotell, hotellet må ha beskjed innan 18. mai på kor mange rom vi skal ha. Merk at etter fristen må de sjølv ev. avbestille rommet!
Det blir lagt opp til ei eiga sosialt arrangement for Volda-symjarane laurdags kveld. Dette er eit alternativ til lasagne i Førdehuset. Alle symjarar, foreldre og andre er velkomne.
NB! Alle som skal bo på hotellet betaler sjølv ved utsjekking søndag!
Påmeldingsfrist Søndag 18.mai klokka 19:00
Påmelding til Bergen Swim Festival 2014
Jugensvøm 2014, 28.-30. mars
Invitasjon finner du her
Open klasse: Påmelding og påmeldte
Rekruttar: Påmelding og påmeldte
Stemnetider approbert stemne (Open klasse):
Fredag kl. 20:00, innsvømming frå kl. 19:00
Laurdag kl. 09:30, innsvømming frå kl. 08:00
Søndag kl. 09:00, innsvømming frå kl. 08:00
Stemnetider rekruttsevne:
Er lagt til pausa Laurdag på rekruttstemnet
NB!! Påmeldingsfristen er Onsdag 19. mars kl. 16:00
Vårduppen på Eid, 15. og 16. Mars
Rosesvøm 2014, 8. og 9. Mars
Taremaresvøm i Brattvåg, 11.-12 Januar 2014
Invitasjonen finner du her
Påmelding og påmeldte
Påmelding rekruttar og påmeldte rekruttar
Påmeldingsfristen er Laurdag 4 Januar klokka 21:00
Forhånd.12345Neste |