Kva skjer på stemne

Her finn du nokre tips for dei som skal på stemne for første gang.

Innsymjing

Alle stemne startar med innsymjing. Bassenget er så ope for alle som skal delta på stemne. Innsymjinga fungerer som oppvarming. Innsymjinga er viktig for å bli kjend med bassenget, kjenne på vatnet og vakne opp både fysisk og mentalt.

Etter innsymjinga er det viktig at symjarane held seg varme. Det gjeld å tørke seg godt skifte til ny badedrakt/bukse og ta på seg lette kle, då klubbkle. Det er lurt å ta på seg både bukse, sokker og innesko.

Før start er oppvarming på land påkrevd.

Start

Klubben stiller i dei aller fleste høve med trenar/lagleiar på stemne. Foreldre til dei yngste barna må  passe på at borna møter opp til start til rett tid. Heatlister blir lagt ut for sal på stemnet, slik at du kan følgje med på startoppsett der.

Våre sponsorar

sparebank_1_s_re_sunnm_re.png
ke_logo_cmyk_b.jpg
logo_brukt.jpg
klubben.png

Copyright © 2007 - 2008 Volda Turn og Idrett - Symjegruppa
Kommentarar til nettstaden? Kontakt webmaster

Webdesign og CMS: Osberget AS