sparebank1_logo_blaa_02_570px_7536.jpg

VTI Symjing

symjing_vinter_10_061.jpg

VTI Symjing er ein symjeklubb som held til i Volda. Vi er ein del av Volda Turn og Idrett - Allidrett. Vi leiger bassenget i idrettsbygget til trening, symjestemne og folkebading.

Bassenget vårt er 25 meter langt og 12,5 meter breitt. Vi har stupebrett frå ein, tre og fem meter.

Treningsgrupper:

Rekruttgruppa

Denne gruppa består primært av ungar som har gjennomgått "Trygg i vatn"-kurs i regi av klubben.  For desse er neste steg å lære seg teknikken i dei fire ulike symjeartane.  Dei vil og - når dei er modne for det - delta på symjestemne og såleis drive symjing som idrett.  Som rekrutt deltar dei på korte distansar i eigne klasser utan rangering - og alle får premie!

Sekundært vil vi kunne ta imot rekruttar som ikkje har vore gjennom "Trygg i vatn"-kurs. Grunnleggjande ferdigheiter i vatn vil avgjere om dei kan bli med i rekruttgruppa direkte eller må gå "Trygg i vatn"-kurs først.

I praksis er rekruttgruppa delt i to med differensierte treningsopplegg.

Ein til tre treningar i veka.

 

A, B og C partia

Dei beste og eldste symjarane utgjer desse partia, som konkurrerer på lokalt, regionalt og nasjonalt plan.

Laurdagar/Søndagar leiger vi tidvis bassenget til ei ca 2-timarsøkt når vi ikkje er ute og konkurrerer.  Tidspunktet for treninga kan variere.

Mastergruppa

Symjarar som har ei fortid som aktive symjarar med gode symjeferdigheiter, frå 20 års alder og oppover.

Ein til fire treningar i veka.

Masterar er også velkomne på morgontreningar og helgetreningar

NSF sin konkurransestruktur

 

 

Våre sponsorar

sparebank_1_s_re_sunnm_re.png
ke_logo_cmyk_b.jpg
logo_brukt.jpg
klubben.png

Copyright © 2007 - 2008 Volda Turn og Idrett - Symjegruppa
Kommentarar til nettstaden? Kontakt webmaster

Webdesign og CMS: Osberget AS