Årsmøte 12. mars 2018

Årsmøte måndag 12 mars kl 20 på Volda rådhus. Møt ved inngang kl 20. Ein kjem ikkje inn på eiga hand, so oppmøte må vere seinast kl 20. Vi håpar å sjå mange av dykk. Velkomne.

NB: Saker til årsmøtet må meldast inn til styret@vtisymjing.no innan 23. februar.


Årsmøte 6. mars klokka 20:00

Årsmøte i vtisymjing måndag 6. Mars kl 20. Møterom i kjellaren på Volda sjukehus. Håpar mange medlemmar møter opp.
For nye og sitjande styremedlemmar: styremøte etter årsmøte.


Treningshelg i Volda

Helga frå fredag 16. september - 18. september arrangera vi treningshelg i Volda. Vi har i år fått inn Halvor Ekeland som trenar og han vil i samarbeid med Marius m.fl. lede utøvarane igjennom ei helg fylt med trening. Dette er ei helg som primært er for LÅMØ symjarar, unntak kan sikkert gjerast, avtal då med Marius eller nokon i styret.



Frist for påmelding er 25. august !


OPEN DAG I SYMJEHALLEN LAURDAG 27. AUGUST

Timeplan for dagen er som følger:

12:00 Vill i Vann
13:00 Rekrutt trening
14:00 Folkebading

Alt er gratis, slik at dei som ikkje veit kva det går ut på, skal få prøve seg. Det er naturleg nok minimumskrav i form av symjeferdigheiter for å delta på dei to første aktivitetane. De som har barn som allereie er påmelde er også hjerteleg velkomne. Det er flott om de inviterer med andre som kan være aktuelle og som er kvalifisert. Det vil sei ferdigheiter som tilsvarer selungekurset.

Selungekrav: stupe uti på dypt vann, svømme 12,5 m på magen, skifte retning, svømme 2-3 m mot startstedet, stoppe opp og flyte i 30 sekunder, svømme deretter på ryggen tilbake til utgangspunktet.

Vi må alltid minne på at ungane skal ta ein grundig kroppsdusj og innsåping utan badekle før ein skal i bassenget. Vi får stadig tilbakemeldingar frå foreldre og andre om at ikkje alle tek dette på alvor.



Treng ditt barn å verte trygg i vatn ? 
Vi tilbyr GRATIS Symjekurs

Gjensidigstiftinga delar årleg ut 10 millionar for å gjere barn i alderen 6-10 år trygge i vatn. Symjegruppa i Volda har for 2016 meldt inn at vi kan halde 3 kurs med 15 barn i kvart av dei. Vi kan levere inn søknad om kurs for grupper på 15 barn. Om ein får midlar  er avhengig av kor mange andre som søkjer, og om søknaden er god nok.

Barn mellom 6-10 år som har minoritetsbakgrunn eller er svært utrygge i vatn vert prioriterte. Desse kursa skal ikkje erstatte skuleundervisninga, men kjem som eit tillegg. 

Kjenneteikn på at barnet er utrygt i vatn:

  • Redd for å bevege seg rundt i bassenet åleine eller saman med andre
  • Ofte har ei anstrengt kroppshaldning, prøvar å få hovudet høgt opp frå vatnet eller bli fort ferdig
  • Ikkje likar å få vatn i ansiktet
  • Ikkje kan dykke eller orientere seg under vatn
  • Ikkje kan flyte på magen eller rygg

Vi gjer merksam på at dersom ditt barn får tildelt plass, er påmeldinga bindande. 

Svømmeaksjonen vil bli gjennomført i veke 23/24 (11-15 Juni) over 5 samanhengande ettermiddagar/kveldar, med forbehold om at vi får tildelt kurs.

Påmelding er no avslutta.


Symjekurs våren 2016

Kursa for våren 2016 er no lagt ut. Du melder på her
På sida i venstremenyen som heiter Symjekurs kan du lese nærmare om dette



Påmelding til Rosesvøm 2016

Moldebadet 5 og 6. mars

Innbyding


Påmeldte open klasse

Påmelding seinast onsdag 24 februar klokka 21:00


Vill i vann

VTI-Symjegruppa ønsker barn i alderen 8-12 år velkomen til det nye treningskonseptet Vill i vann, som startar i september i symjehallen i Volda.

Vill i vann handlar om å skape eit tilbod til barn og unge som er glad i å trene men ikkje ønskar å satse på konkurransesymjing. I første omgong vil tilbodet vere retta mot barn i alderen 8-12 år, men kan etterkvart bli utvida frå 12-14 år. Treningane vil legge vekt på det å ha det moro i vatn i tillegg til å utvikle ein god grunnmotorikk og meistring gjennom leik og aktivitetar tilpassa barna sitt utviklingsnivå. Alle barn og unge bør i sin idrett oppleve progresjon, meistring og allsidigheit. Aktivitetstilbodet skal vere retta mot dei som allereie har grunnleggande symjeferdigheiter, og er ikkje eit tilbod for  dei som skal lære å symje. For å nemne nokre av aktivitetane; minipolo, synkronsymjing, stuping, landaktivitetar, teknikktrening mm. Dei som ønsker å kombinere rekruttrening og vill i vann, får halv pris på kurset.

Kurspris kr 1500,-

For medlemmar av symjegruppa kr 750,-

(12 gongar frå september og ut november). Onsdagar Kl 17.15-18

Påmelding på tryggivann.no innan 30. Juli. Begrensa antal plassar. Meir info på vti-symjing.no

 

 


Symjekurs juni 2015 (5 dagar)

Symjegruppa søkte i år om å få tildelt 2 symjekurs i svømmeaksjonen, men fekk dessverre ingen grunna rekordmange søknader. Andre ildsjeler har også søkt om kurs som vi skal halde, og har fått innvilga. Vi ønsker imidlertid å arrangere eit ekstra kurs som deltakarane må betale sjølve.

Kurset startar fredag 12. juni og går over 5 samanhengande dagar (a 1,5 t. pr dag.) I tillegg til å bli trygge i vatn samt fokus på å dykke, flyte, gli og framdrift, vil 30 min. av kurset innehalde tryggleik rundt og i vatn, førstehjelp, livredning, båtvett mm.

Kvardagar startar dette kurset kl 18.30, og i helga kl 14.30.

Stad: Varmtvassbassenget i Volda.

Kurspris: Kr. 1500,-.

 

Påmelding:

Symjekursa til VTI-symjing administrerast gjennom web-portalen www.tryggivann.no. Ønskjer du å melde på nokon må du gjere følgjande (om ein ikkje allereie har delteke på kurs):

1: Registrer deg: Gå inn på nettstaden og registrer ein brukar i namnet til deg som føresett. Lenka finn du øvst i høgre hjørne. NB! Sjølv om du skal melde på eit barn er det likevel du som skal opprette brukarkonto i ditt namn. Barnet registrerer du seinare.

2: Meld deg på: Søk først fram kursa til "Volda TI” og vel intensivsymjekurs.

 Det er begrensa antal plassar, så ver rask!


Treng ditt barn å verte trygg i vatn ?
Vi tilbyr GRATIS Symjekurs


Gjensidigstiftinga delar årleg ut 10 millionar for å gjere barn i alderen 6-10 år trygge i vatn. Symjegruppa i Volda har for 2015 meldt inn at vi kan halde 3 kurs med 15 barn i kvart av dei. Vi kan levere inn søknad om kurs for grupper på 15 barn. Om ein får midlar  er avhengig av kor mange andre som søkjer, og om søknaden er god nok.

Barn mellom 6-10 år som har minoritetsbakgrunn eller er svært utrygge i vatn vert prioriterte. Desse kursa skal ikkje erstatte skuleundervisninga, men kjem som eit tillegg.

Kjenneteikn på at barnet er utrygt i vatn:

  • Redd for å bevege seg rundt i bassenet åleine eller saman med andre
  • Ofte har ei anstrengt kroppshaldning, prøvar å få hovudet høgt opp frå vatnet eller bli fort ferdig
  • Ikkje likar å få vatn i ansiktet
  • Ikkje kan dykke eller orientere seg under vatn
  • Ikkje kan flyte på magen eller rygg

Vi gjer merksam på at dersom ditt barn får tildelt plass, er påmeldinga bindande. Eit gebyr på kr 500,- tilkjem dersom plassen ikkje vert nytta.

Svømmeaksjonen vil bli gjennomført i veke 25 evt 25/26 over 5 samanhengande ettermiddagar/kveldar, med forbehold om at vi får tildelt kurs.

Påmelding avslutta.

 


Sølv til Jenny Karin

lagbilete_l_m_2015.png

Det var ei sliten, men glad jente som søndagskvelden kunne motta premien for 2. plassen i årets Midtnorsk årsklassemeisterskap i symjing, som vart arrangert i Ålesund. Ho kjempa lenge om gullet, men måtte til slutt gi tapt for ålesundsjenta Victoria Tollås, som verkeleg måtte yte maksimalt for å innfri favorittstempelet.

Det heile starta fredag på 400 fri, den første av fem øvingar som inngår i årsklassemeisterskapen. Frå første tak i vatnet var det tydeleg at i dette løpet var det ho som ville vere sjef. Ho satsa på ei tøff opning, og konkurrentane hadde nok med å forsøke følgje med. Første 100 på 1.09 og 200-passering likt med eiga bestetid på distansen vitna om ei jente som satsa. På neste 100 heldt ho marsjfarta og auka leiinga til Victoria Tollås til 5 sek. Den siste 100-meteren blei tøff, men ho heldt avstanden og kom i mål på ny pers 4.50,96 og gull. Første stikk til Jenny Karin. På 100 butterfly laurdag var det forventa at Victoria Tollås skulle vere best, men Jenny Karin var like bak med solid pers på 1.14,93. 200 bryst derimot er Jenny Karin sin distanse. Ho innfridde favorittstempelet og vann på 2.54,94, 0,5 sek. betre enn si førre bestetid.

Med to distansar att hadde ho los på gullet, men det ville bli spanande sidan konkurrenten hadde sine beste distansar att. Ryggsymjing er Jenny Karin sin svakaste disiplin, og på 200 meteren tok Victoria Tollås tilbake leiinga samanlagt. 200 medley ville avgjere, og også der var ålesundsjenta best. Ho tok gullet, men Jenny Karin vann sølvet, i konkurranse med 11 andre jenter i 99-årsklassen frå Nord- og Sør Trøndelag, samt Møre og Romsdal.

Bronse til Sander Hallaråker

Landsdel årsklassemeistersapen er lagt opp som ein samanlagt konkurranse der symjarane sym faste og lange distansar, ein innan kvar disiplin pluss medley. Alle tider vert omgjort til poengsummar, der den som har høgast poengsum samanlagt er vinnar. Og dei 24 symjarane med høgast poengsum på landsbasis går vidare til ein landsfinale. Her har Volda aldri vore representert før, men i år er vi det.

Sander Hallaråker erobra bronsemedaljen samanlagt, og tok også eit distansegull på 200 bryst (2.31,11). Men gledelegare er at poengsummen han oppnådde held til 19. plass nasjonalt, og deltaking på landsfinalen som vil føregå på Lambertseter, Oslo 10.-12. april. Vi må gi honnør til Sander for denne konkurransen, med bortimot fullklaff i alle løp. Det «svakaste» var kanskje det han vann, favorittdistansen 200 bryst, som blei det einaste løpet utan personleg rekord. Undervegs sette han også to nye klubbrekordar. Først på 400 fri med 4.27,21 – den førre hadde Bo Graaner og var frå 1979. På siste øving 200 medley gjekk han også under den gamle storsymjaren Håvard Haugen sin rekord frå 1991, med eitt sekund: 2.18,99. Halvvegs låg han på femteplass, men for tida er det ingen som slår Sander på brystetappen, og på avsluttande 50 fri sumde han fortast av alle. Imponerande, nye takter frå Sander dette, og bonsemedaljen var sikra.

Volda femte beste klubb

Femten klubbar frå Midt-Noreg stilte i Ålesund, og oppsummert kjem VTI-symjing på 5. plass i dette selskapet. Det er vi nøgde med, spesielt fordi vi mangla Marlen Strand som var kvalifisert, men ikkje kunne stille. Dei seks voldasymjarane hadde 30 startar, og det vart sett personleg rekord i 26 av dei. Det var som bestilt, for til denne konkurransen skulle vi vere i form.

Håvard Glimsdal sette personleg rekord i alle øvingar, og har etter jul tatt store steg som symjar. Til dømes gjorde han gode løp på 400 fri med 6.08,78 og 100 butterfly med 1.41,07. Synd han blei diskvalifisert på 200 medley, for han låg an til å få ein solid pers der også.

Øyvind Glimsdal var ikkje dårlegare, med nye bestetider i alle øvingar. Det beste løpet var nok det første, med 5.34,55 på 400 fri – 15 sek pers. Øyvind har og moglegheiter til å bli ein høveleg butterflysymjar. No kom han for første gong under 1.30 på 100 fly med 1.29,17.

Fleire medaljar

Ingrid Godager kjente nok presset. Påmeldingstidene på 200 bryst i si klasse viste at ho hadde sjanse til å ta 3. plassen, og dermed få medalje for første gong i karrieren i denne konkurransen. Men då måtte ho forbetre bestetida si med ca. 5 sek, trudde vi. Ingrid løyste oppgåva på beste måte. Tredjeplassen hadde ho i lomma allereie ved passering 50 meter, og ho auka forspranget jamt og trutt gjennom heile løpet, med jamn marsjfart på 46,5 pr. femti. Bronsemedaljetida vart 3.01,83, personleg rekord med 3,5 sek. Også på dei andre distansane gjorde Ingrid jamt gode løp, med nye bestetider på alle. Høgast poengsum fekk ho på avsluttingsdistansen søndag, 200 medley. Her var ho offensiv på alle 50-meterane – butterfly, rygg, bryst og crawl – noko som gav ei sluttid på 2.45,70, ei forbetring med 8,5 sek.

Største idrettsgleda under heile stemnet viste Magnus Kobbevik Mikalsen når han kom i mål på 100 bryst. Han kjempa hardt heile vegen mot Odin Wigdahl Michelsen frå AaSLK, leia knapt ved vending 50 meter, var hardt pressa heile vegen, men auka likevel forspranget ørlite slik at han vann med 3/10 sek margin. Vinnartid 1.33,09. Det var gullmedaljen, men Magnus tok også med seg heim tre bronse. Berre på 100 rygg var han utanfor pallen, med 4. plass på 1.31,09. Bronsemedaljane kom på 50 butterfly (40,08), 400 fri (5.50,01) og 200 medley (3.04,90). Her har Volda ein ny, god symjar på gong. Og alt i alt er dette den beste årsklassemeisterskapen voldasymjarane har gjort gjennom tidene.

 VTI-symjing


Årsmøte VTI-Symjegruppa

Mandag 16. mars arrangerast det årsmøte på Rokken kl. 18:00.

Vi vonar på stort oppmøte denne dagen. Det er fint om du kan kan stadfeste at du kjem via invitasjonen på foreldregruppa på facebook.

Agenda for årsmøtet kjem etterkvart.

Styret

Landsdel Årsklassemønstring Landsdel Midt 2015

Fredag 6 februar er det LÅMØ 2015, som denne gongen arrangeras i Ålesund.

Deltagelse
De 24 guttene og 24 jentene med høyest sammenlagt poengsum (FINA-2013) i årsklassene 13-16 år samt at det er åpent i 11- og 12-årsklassen. Dette betyr at alle 11- og 12-åringene som har gyldig tid i alle 5 øvelser har rett til å delta.

Øvelsesutvalg
Alle deltakere må svømme 5 individuelle øvelser (fri, rygg, bryst, butterfly, medley)
Årsklassemønstringen arrangeres for gutter og jenter 11-16 år (2004 - 1999).

Gutter / Jenter 11 år: 400m fri, 100m rygg, 100m bryst,
50m butterfly, 200m medley

Gutter / Jenter 12-16 år: 400m fri, 200m rygg, 200m bryst,
100m butterfly, 200m medley

For meir informasjon kan de lese innbydinga
Hovudtrenar vil kunne informere om detaljar dersom det skulle være noko de lura på.


Treningshelg i Volda - 23.- 25. Januar

Vi inviterer alle symjarar frå Volda til treningshelg! I tillegg vil vi også ynskje symjarar frå flerie naboklubbar hjarteleg velkomne til Volda.

Denne helga skal vi spisse forma mot LÅMØ!

Vi inviterer alle juniorsymjarar til treningshelg. Denne helga får vi besøk av trenar Halvor Ekeland (Oslo IL) i tillegg til vårt nye tilskot på trenarsida her i Volda Christian Tang Christiansen. Opplegget blir omlag som tidlegare. 

For å delta er det eit krav at symjarane klarer å symje ca 3000 m pr ykt. Øvre tak på tal deltakarar er sett til 30 stik - førstemann til mølla!

Du melder deg på i dette skjemaet. Oversikt over påmeldte finn du her. Alle melder seg på via dette skjemaet, også deltakarar frå dei inviterte klubbane. Dette heng i hop med både oversikt over deltakarar, men også for berekning av mat mellom øktene.

Overnatting:

Vi har booka gymsalen på Bratteberg skule for ev. overnatting. Vi treng snarleg, og absolutt seinast tilbakemelding frå klubbane om dette er aktuelt innan 21. januar på post@vti-symjing.no.

Måltid:

Det vil bli servering av brødmat mellom yktene på laurdag og søndag + varm mat etter siste ykta på laurdag. Gje beskjed i påmeldinga ved ev. matallergi.

Kostnadar: 

Kr 500,- uansett klubb.

Treningstider:

 

Fredag

Laurdag

Søndag

Junior

15:45-18:00

09:00 - 11:30 og 16:45-19:00

 08:30-11:00 og 15:45-18:00

Påmeldingsfrist seinast innan onsdag 21. januar kl. 20.

 

Kretsdommerkurs 31.januar i Ålesund

Laurdag 31 januar blir det kretsdommarkurs. Vi ser at vi pr dato har litt for få dommarar sjølv til å arrangere stemne og er soleis avhengig av at dommarar frå andre klubbar bidreg når vi skal ha stemne. Dette er ikkje optimalt, vi bør kunne ha nok frå eigne rekker.

I verste fall kan stemnet bli underkjent og alle tider som blir satt under stemnet ikkje blir godkjent om en ikkje har nok dommarar. Klubbane bør han en minimumsstamme på minst 10 dommere(helst 12) før de setter opp egne stevner. Då er det sikrere at stevnet får gå som det skal…. En behøver absolutt ingen forkunnskap innan symjing for å bli kretsdommar, så her er det bare å få meldt på så mange som mulig!

For påmelding, gå til www.idrettskurs.no klikk på svømming og Ålesund, så finner de påmelding for kretsdommerkurs.


Julelauget - praktisk informasjon

Vi håper at alle som skal delta på julelauget laurdag og eller søndag vil vere med på innmarsjen som startar laurdag kl 11.45. Då får alle utdelt ei sleiv som har ein årelang tradisjon. Ta gjerne med nisselue og for dei som måtte ha klubb t-skjorte- må sjølvsagt ta den på. Vi sel også klubbadehetter til kr 50,- pr stk i kiosken.

Sjølve rekruttstemnet startar ca. kl 15 og varer til omlag kl 16.40. Søndag frå kl 12.15-13.25. Dette er sånn ca tider. Innsymjing vert litt tidlegare.

Symjegruppa stiller sjølvsagt med ein bugnande kiosk, så her er det rom for både frukost, lunch og "middag", samt dessert.

Det jobbast med å sette opp stafettlag både for laurdag og søndag. Nokon har meldt seg på allereie, men vi håpar at fleire kan delta slik at vi får fulltallige lag. Det er ikkje farleg å stille som rekrutt. Vi veit at fleire er usikre og synest det er skummelt, men vi kan forsikre om at som rekrutt er alle vinnarar. Ein blir ikkje rangert, ingen blir diskvalifisert, og alle får premiar. Rett før stemnet tek til, vil vi samle rekruttane for å forklare korleis ting får føre seg, og vi stiller med trenarar slik at alle skal kome seg til start. Viktig at alle står bakerst mot veggen bak pallane slik at vi finn dei når det er deira tur. Hugs badehette, symjebriller, badekle og godt humør :).

Dersom nokon skulle bli sjuke og ikkje kan stille treng vi beskjed på sms tlf 911 85762 før kl 10 laurdag på lagleiarmøtet, eller før stevnestart (helst før kl 9.30 på søndag).

Heataliste for rekruttane og open klasse får ein kjøpt i kiosken.

Vi gler oss!

Julelauget 2014 - Dugnadsliste (versjon 2.0)
julelauget.png

Jula nærmer seg med stormskritt folkens...!! Og når det nærmer seg jul, ja då er det også tid for det største dugnadsarbeidet i klubben gjennom sesongen, nemlig Julelauget. Vi har laga ei foreløpig skisse til dugnadsliste, sjå vedlegget. Der vil du mest truleg finne namnet ditt nemnt på ei eller anna oppgåve. Om du ikkje er nemnt og har lyst til å bidra, ja då tar du kontakt med oss for å høyre om det er noko du kan hjelpe til med :-) 


julelauget_2014.pdf


Julelauget 2014 - påmelding

Den årlege storhendinga i symjehallen går av stabelen 6. og 7. desember!

Denne helga oppfordrar vi alle symjarar i alle aldersklasser til å møte opp. Spesielt vonar vi alle foreldre har rydda plass og møter opp for at alle dei små og håpefulle symjarane  skal få vise framgongen dei har hatt i haust.

Her melder du deg på i open klasse (stengt) og for rekrutt (stengt).

Her får du oversikt over påmelde i open klasse og for rekruttar.

 


Treningshelg i Volda - 25. og 26. Oktober

Vi gjentek suksessen frå september og inviterer alle symjarar frå Volda til treningshelg! I tillegg ynskjer vi også symjarar frå naboklubbar hjarteleg velkomne til Volda!

Vi får denne helga igjen besøk av trenar Halvor Ekeland (Oslo IL), samt vil vårt nye tilskot på trenarsida her i Volda Christian Tang Christiansen bidra. Opplegget blir omlag som sist. For rekruttane stiller vi med lokale trenarar.

Vi har plass til omlag 24 deltakarar, så her er det førstemann til mølla som gjeld :-) Det vil verte eigne treningar for rekruttar.

Her ser du oversikt over påmelde til treningshelga.

Alle melder seg på via dette skjemaet, også deltakarar frå dei inviterte klubbane. Dette heng i hop med både oversikt over deltakarar, men også for berekning av mat.

Overnatting:

Det er høve for plassering av campingvogn anten i nærleiken av symjehallen eller på campingplass i Volda/Ørsta.

Porse turisthotell eller Ivar Aasen hotellet i Ørsta kan også være eit alternativ.

Måltid:

Vi serverer brødmat mellom øktene. På laurdag etter siste økta serverer vi pizza. Vi serverer lasagne på søndagen til lunch + frukt mellom øktene. Hugs å gi beskjed i påmeldinga v/ matallergi.

Kostnadar: 

Juniorsymjarar kr 500,- uansett klubb.

Rekruttar frå alle klubbar er GRATIS (ikkje inkludert brødmat mellom øktene)

 

Påmeldingsfrist torsdag 23.10 kl. 20.00

 

Treningstider:

 

Laurdag

Søndag

 

Junior

11:00-13:00 og 17:00 - 19:00

09:00 - 11:00 og 15:30 - 17:30

 

Rekruttar

13:15-14:15

12:15-13:15

 

 

 

 

 

Trening i haustferien

Rekruttane tek fri i haustferien, men det gjer ikkje juniorgruppa og juniorB-gruppa!

Vi startar med to økter i helga, og held fram utover veka etter (nesten) vanlege tider (sjå under).

Laurdag 4.10 kl 15:  Junior, juniorB og Masters

Søndag 5.10 kl 18 (NB endra tid): Junior, juniorB og Masters 

Måndag 6.10 kl 15:30: Junior, juniorB og Masters

Tysdag 7.10 kl 17: Junior, juniorB og Masters

Onsdag 8.10 kl 06:30: Junior og Masters

                   kl 18:30: Junior, juniorB og Masters 

Torsdag 9.10 kl 1915: Junior, juniorB og Masters

Fredag 10.10: kl 06:30: Junior og Masters

                     kl 15:30: Junior, juniorB og Masters

Ein god del av symjarane reiser til Bergen denne helga, og dei sløyfer treninga fredag.

TREN DEG OPP I FERIEN!

 

1234...9Neste

Våre sponsorar

sparebank_1_s_re_sunnm_re.png
ke_logo_cmyk_b.jpg
logo_brukt.jpg
klubben.png

Copyright © 2007 - 2008 Volda Turn og Idrett - Symjegruppa
Kommentarar til nettstaden? Kontakt webmaster

Webdesign og CMS: Osberget AS