Oppstart av nye symjekurs

Ønsker du at barnet ditt eller barnebarnet ditt skal lære seg å symje? Om alt går etter planen startar vi med nye symjekurs f.o.m. 11. januar. Eit lite forbehold om at bassenget i Ørsta kjem i drift att etter nyttår. Dette blir avklara den 7. januar.

Alder: 4-11 år.

Stad: Skulevegen 6, 6160 Hovdebygda.

Gå inn på nivåveljar under symjekurs og finn ut kva kurs barnet ditt bør meldast på. Gå deretter inn på tryggivann.no og lag profil dersom du ikkje allereie har dette. Søk  opp Møre og Romsdal, Ørsta, Hovdebygda. (VTi-symjegruppa).

Kurspris kr 1600,- I tillegg er det ein årleg medlemskontigent på kr 100,- gjennom VTI-Allidrett (lovpålagd). Bindande påmelding (forutsatt at vi har basseng å halde kursa i).

https://forskning.no/kronikk-barn-og-ungdom-skole-og-utdanning/kronikk-bedre-svomme-undervisning-kan-redde-liv/1162497

VTI-Symjegruppa får koronastøtte frå Sparebanken Vest

Banksjef i Sparebanken Vest Frank Vatne og symjeskuleansvarleg i Symjegruppa Anne-Britt Aambø Hallaråker
Banksjef i Sparebanken Vest Frank Vatne og symjeskuleansvarleg i Symjegruppa Anne-Britt Aambø Hallaråker

Sparebanken Vest delte sist veke ut koronamidlar til idrettslag og foreiningar. Symjeguppa var så heldige å få tildelt kr 68 000,- som er tiltenkt å nytte til innkjøp av triatlondrakter til utandørstreningar og treningsleir.

Lokale idrettslag får 200 000 kroner frå Sparebanken Vest sitt Korona- fond 

Koronakrisen råkar idretten. No støttar Sparebanken Vest sitt Korona-fond idrettslag med til saman 200 000 kroner for å bidra til å oppretthalde aktivitetstilbodet for store og små. 

– Eg er opptatt av fysisk aktivitet, eit variert fritidstilbod og gode oppvekstvilkår for alle barn og unge. Med denne tildelinga til idretten ønskjer vi å bidra til at idrettslaga kan fortsetje sitt viktige arbeid no som landet gradvis blir opna opp igjen, seier Frank Vatne, kunderådgjevar ved Volda-kontoret til Sparebanken Vest. 

Fryktar fråfall blant deltakarar og frivillige Idrettslag på Vestlandet melder om store inntektstap som følgje av koronakrisa og at aktivitetstilbodet vil bli redusert både på kort og lengre sikt som følgje av det. Auka deltakaravgifter og trenarar som sluttar, er også moglege følgjer av at idrettslaga no tapar pengar. 

Det er bekymringsverdig om det blir slik at unge som har mista aktivitetstilbodet sitt i ein periode, ikkje vender tilbake til idretten, meiner Vatne. 

– Laga er også heilt avhengige av innsatsen frå alle dei frivillige for å halde hjula i gong. Vi håpar at Korona-fondet kan bidra til å løyse nokre av utfordringane som idrettslaga har no, seier han. 

Framleis mogleg å søkje om midlar Midlane som no blir delt ut er første tildelingsrunde til idrettslag- og foreiningar. 

– Vi ønskjer fleire søknader og oppfordrar fleire lag og foreiningar, ikkje berre innan idrett, til å søkje. Korona-fondet kan ikkje dekkje alt, men likevel vere ein viktig bidragsytar, seier kunderådgjevaren. 

100 millionar til lag og foreiningar Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest sitt Korona-fond blei oppretta i mars i år som eit ekstraordinært tiltak. Formålet med fondet er å støtte lag og foreiningar på Vestlandet som slit økonomisk som følgje av korona-epidemien. Totalt har fondet sett av 100 millionar kroner, og 15 millionar av dette går no til meir enn 200 idrettslag over heile Vestlandet. 

I mai fekk meir enn 150 korps støtte frå fondet. Volda Skulekorps var blant søkjarane, og fekk tildelt 38 000 kroner. I Korona-fondet har ein også kompensert Bratteberg Grendehuslag for tapte inntekter denne våren, og dei får 10 000 kroner til nytt sceneteppe. 

– Ekstraordinære tider krev ekstraordinære tiltak, og som sparebank skal vi gjere det vi kan for å støtte opp om organisasjonane som bidrar til eit godt, inkluderande lokalmiljø, seier Vatne. 

Desse lokale idrettslaga og klubbane får midlar frå Korona-fondet 

  • ØRSTA IL INNEBANDYKLUBB 
  • VTI FOTBALL 
  • VOLDA RIDEKLUBB 
  • VTI ALLIANSE – SYMJEGRUPPA 

For meir informasjon, ta kontakt med: Rådgjevar Frank Vatne, tlf.: 913 35 702, e-post: frank.vatne@spv.no

Protokoll årsmøtet

Vedlagt ligg protokoll for årsmøtet.

Protokoll VTi symjing årsmøte for 26.05.2019 

Til stades: Arne Straume, Inger Stine, Kjell Frode, Frode, Jørund, Hedvig, Liv og Knut Furene 26.05. kl. 19.30 21:00. Referat: Frode Pilskog 

  1. 1. Godkjenning av røysteføre 

ok 

  1. 2. Saksliste og innkalling Samrøystes 
  2. 3. Val av ordstyrar, referent og 2 representantar til å signere møteprotokoll Ordstyrar: Arne Straume Referent: Frode Pilskog Representantar: Jørund Fet og Hedvig 
  3. 4. Årsmelding 2019 Opplesing av årsmeldinga ved Arne Straume Kommentarar

Det har vore landtrening Stamina. Ei trening per veke. - Manglande informasjon om Årsmøteinnkallinga for 2018. r gje betre informasjon

  1. 5. Årsrekneskap 2019 Kommentar til rekneskapen

- Posten kortsiktig gjeld var vanskeleg å tolke

- Høge lønskostnadar Rekneskapen godkjent

  1. 6. Budsjett 2020 Påplussing postane treningshelg og PT family club. Budsjett godkjent 
  2. 7. Treningskontigent | 2019 

Rekrutt/master 

D/E | B/C 

kr 1500 Kr 1850 kr 2000 

Drøfting om nedsetting av kontingenten eller halde på same nivå. Det vart påpeika at ein får veldig mykje att for kontigenten. Eit adgangskort til symjehallen kostar meir enn det medlemmane betalar i kontingent

Forslag: Styret kan gjere vurdering om nedsetting av kontingent, dersom treningsomfanget vert redusert pga. Covid 19 situasjonen

  1. 8. Innkomne saker 

- Manglande informasjon om treningsstemne. Bør vere meir kopla til kretsen

- Samarbeid med YSS. Ein bør ha tettare samarbeid med YSS ved Cian. Moment: a) VTi har lenger reisetid og kan ikkje stille tidleg som YSS, b) Det er heller ikkje plass til mange i salen og c) nivå forskjellar på symjarane

- Ønskje om fleire treningar, t.d. morgon laurdagar. Ei utfordring med korleis gjennomføre køyringar. Ein forhalde seg til Covid reglane, både for hall og køyring

- Det vart uttrykt sterk misnøye med prosessar og informasjon frå førre styre. Vedkommande følar seg dårleg behandla. Saka vert teke til vitande

  1. 9. Val 

VTI-symjegruppa 2020 

Inger Stine Bjørneset (sittande) Frode Pilskog (sittande) Kjell Frode Løvland (sittande) Arne Straume (sittande) Hedvig Høydalsvik (ny

Einstemmig vedteke 

Det nye styret konstituerer seg sjølve første styremøtet etter årsmøtet

Underskrifter 

Volda, 26.05.2020 

 

Jørund Fet 

Hedvig Høydalsvik

ÅRSMØTE I VTI-ALLIDRETT

2. Juni kl 19 i Sparebank1 sitt lokale 2. høgda inngong mot kyrkja.

Vanlege årsmøtesaker:

Sakliste:

  1. Godkjenning av Røysteføre

  2. Godkjenne Innkalling, sakliste og møtereglar

  3. Val av dirigent, referent og 2 representantar til å signere møteprotokollen

  4. Handsame Årsmelding 2019

  5. Handsame rekneskap 2019

  6. Handsame fordeling av mva komp, LAM og Grasrotmidler

  7. Handsame innkomne saker

  8. Fastsetje medlemskontigent for 2020 (Alliansen)

  9. Vedta laget sitt budsjett for 2020

  10. Handsame laget sin organisasjonsplan

  11. Val:    

    1. Leiar og Nestleiar

    2. 3 styremedlemmer og 2 varamedlemmer

    3. Andre val iht organisasjonsplan

    4. 1-2 revisorar

    5. Representantar til ting og møter

    6. Valnemnd med leiar og 2 medlemmer

  12. Avslutning

Vel møtt!
Helsing
Anja Woldsund Thomsen
VTI Allidrett

Årsmøte i VTI-Symjegruppa

Velkomen til årsmøte i VTI-Symjegruppa i Furene AS sine lokaler i Furene Industriområde

Tysdag 26. mai kl 19.30

Saksliste Årsmøte VTI Symjegruppa:

  1. Godkjenning av røysteføre
  2. Godkjenne innkalling og saksliste
  3. Val av ordstyrar, referent og 2 representantar til å signere møteprotokollen
  4. Årsmelding 2019
  5. Årsregneskap  2019
  6. Vedta budsjett 2020
  7. Fastesetje medlemskontigent 2020
  8. Handsame inkomne saker
  9. Val  



Vel møtt! 

Helsing 

Arne Straume

VTI Symjegruppa

sparebank1_logo_blaa_02_570px_7536.jpg

Har du lyst å bli medlem?

Om du har lyst å bli medlem i klubben, enten på kurs eller dei ulike treningsgruppene våre, eller kanskje som instruktør eller bidra på trenarsida, gjer vel å ta kontakt styret.


Våre sponsorar

sparebank_1_s_re_sunnm_re.png
ke_logo_cmyk_b.jpg
logo_brukt.jpg
klubben.png

Copyright © 2007 - 2008 Volda Turn og Idrett - Symjegruppa
Kommentarar til nettstaden? Kontakt webmaster

Webdesign og CMS: Osberget AS